Select Page

Sivert Holmen

Hardingfelespelar

Sivert Holmen er ein norsk musikar som spelar hardingfele 

Vare lydarlåttar der tida nesten stoppar opp og springarar ein umogleg kan stå stille til dannar kjernen i uttrykket hans. Sivert gjer konsertar med solo hardingfele, jobbar med grupper og dansekompani og gjer solistoppdrag. 

Konsert

Sivert Holmen gjer konsertar solo, som solist med ulike ensemble, i samspelskonstellasjonar, med dansekompani og med nyskriven musikk for hardingfele.

Event

Sivert Holmen gjer eventoppdrag, ofte med dansar, men og med solo hardingfele i bryllaup, bursdag og kurs m.m.

Kurs

Sivert Holmen har brei undervisningserfaring frå både kulturskule, skule, sommarkurs o.l. og underviser gjerne i valdresspel, runddans på hardingfele, arrangering for hardingfele eller andre tema. Han har praktisk pedagogisk utdanning med musikkdidaktikk frå Norges musikkhøgskole.

Komposisjon / studiomusikar

Ta gjerne kontakt for studio-pålegg av hardingfele til filmmusikk o.l