Musikk
Solospel
Som soloutøvar er Sivert Holmen forankra i hardingfeletradisjonen frå Valdres. Gjennom plata Jotunheimen (2021) løftar han fram mange av dei mest karakteristiske og særmerkte låttane i denne tradisjonen, både vare lydarlåttar og danselåttar. Her kan du sjå og høyre springaren «Sumarkveld i Jotunheimen» av Ola G. Okshovd og John Dahle. Film: Jørn Ranum.
Odde & Holmen
Duoen Odde & Holmen består av Bjørn Kåre Odde på bratsj og fele og Sivert Holmen på hardingfele. Gruppa er fundert i folkemusikken, men drar også inn element frå kunstmusikk og improvisert musikk. i 2016 gav dei ut albumet «Sumarmorgon», som vart nominert til Folkelarmprisen. Duoen vart kåra til årets unge folkemusikarar i 2015. Gruppa kjem med ny plate våren 2023!
Framsyningar
Sivert Holmen har jobba og jobbar med Villniss, Frikar, Ådne Kolbjørnshus, Silje Onstad Hålien m.fleire i ulike framsyningar. Her kan du sjå utdrag frå forestillinga «Dei gamle er eldst» av Silje Onstad Hålien/Villniss. Musikk av og med Tuva Syvertsen og Sivert Holmen.
Vindu
Vindu er ei gruppe beståande av Åshild Wetterhus, Even Tråen og kunstarisk leiar Guillermo Rizzotto. Gruppa kombinerer Argentinsk folkemusikk med improvisert musikk og norsk folkemusikk.
Diskografi
Jotunheimen
– Sivert Holmen. Utgitt på plateselskapet Ta:lik i 2021.
Sumarmorgon
– Odde & Holmen, med Bjørn Kåre Odde og Sivert Holmen utgitt i 2016 på Grappa.
Vindu
– Guillermo Rizzotto, Åshild Wetterhus, Even Tråen og Sivert Holmen med «Vindu» utgitt i 2014 på sjølvstendig forlag.
Treng du ein speleman?