Select Page

Om meg

Om meg

Eg er født i Vadsø og budde i Finnmark dei fyrste leveåra mine. Då eg var seks år flytte familien min til Aurdal i Valdres og det var slik eg kom borti hardingfela.

I ungdomsåra vart brått interessa for instrumentet, tradisjonen og musikken veldig stor. Denne interessa har fulgt meg sidan då og har gjeve meg fantastisk mange opplevingar med konsertar i Indonesia, Frankrike, Belgia, Spania, USA, Marokko, Storbritannia, Danmark og her heime i Noreg.

Lidenskapen for folkemusikken frå Valdres har heile vegen stått i sentrum av mi kunstariske verksemd, ein lidenskap eg håpar å dele gjennom musikken min.

Eg studerte ved Norges musikkhøgskole og har hatt Jan Beitohaugen Granli, Vegar Vårdal, Håkon Høgemo, Terje Moe Hansen og Per Anders Buen Garnås som mine viktigaste læremeistrar.

Hausten 2021 starta eg på masterutdanning ved Norges musikkhøgskole for å koma lenger inn i musikken, og kanskje ein dag forstå han berre litt meir. 

PRESSEFOTO 

 

 

Prisar og utmerkingar

Øyvind Berghs minnepris (2017)

Fureprisen (2016)

Årets unge folkemusikar med Bjørn Kåre Odde (2015)

Torleiv Bolstads minnestipend (2015)

Vinnar av gruppespel på landskappleiken med Odde&Holmen (2013)

Treng du ein speleman?

Ta gjerne kontakt