Musikk 

Solo

Gav ut eit dobbelt plateprosjekt i 2024. Tradisjonelle og rekomponerte lydarlåttar. I 2021 gav Sivert Holmen ut soloplata Jotunheimen, kor han løftar fram mange av dei mest karakteristiske og særmerkte låttane innan valdresspel, både lydarlåttar og danselåttar.

«Plata er ei heilstøypt solo hardingfeleplate, tradisjonell og solid. Den har alt eg meiner ei solo hardingfeleplate skal ha. Dei vare tonane smeltar hjartet og dei rivande springarane gjer så ein ikkje klarer sitje stille. «Bjøllelåtten» med sitt fandenivoldske driv, «Spelemannsprøva» med uendeleg overskot, tekniske briljans og råe rytme, og den vare og vakre «St.Thomasklukkelåtten»». folkemusikk.no ved Ingun Stræte 8.09-2022

Her kan du sjå og høyre «Stillheitas diskotek» Film: Jørn Ranum. 

Odde & Holmen

Odde & Holmen er ein duo med hardingfele og bratsj som blandar tradisjonsmusikk med impulsar frå både kunstmusikk, improvisert musikk og den slåttesymfoniske stilen til Eivind Groven. Duoen representerer eit leikent og virtuost samspel, og skapar ei lytteverd med stort rom for klangelege nyansar, sterke melodiar og melankoli i stadig veksling. Duoen er aktuelle med det nye albumet Føreferd hausten 2023, beståande av sjølvkomponerte låttar og improvisasjonar – her møtest det rå slåttespelet frå hardingfela med dei lange linene frå kunstmusikken og smeltar saman til eit unikt uttrykk.  

i 2016 gav dei ut albumet «Sumarmorgon», som vart nominert til Folkelarmprisen. Duoen vart kåra til årets unge folkemusikarar i 2015.

«Samspillet mellom Odde og Holmen fungerer svært godt, og arrangementene er både spennende, gode og til tider utfordrende. Repertoarvalget er også utmerket, og den klanglige og musikalske variasjonen i uttrykket er som tidligere nevnt veldig bra. I tillegg er det en glimrende idé å hente fram igjen flere av Eivind Grovens flotte og til dels lite spilte slåttekomposisjoner, spesielt når framføringen av dem er førsteklasses» folkemusikk.no ved Bjørn Aksdal 2.12-2016

Óme

Duoframsyning med Silje Onstad Hålien.

Óme viser til den døyvde lyden i etterklangen.

Korleis fyller fela rommet så det omar, og kva heng att når dansen trør dette vidare?

Silje Onstad Hålien og Sivert Holmen utforskar klang, bevegelse, møtepunkt og brytningspunkt mellom musikk og dans, og mellom dansar og musikar.

Eit folkemusikalsk uttrykk møter samtidsstrømningar i ei detaljrik framsyning.

Silje Onstad Hålien – dans, koreografi
Sivert Holmen – musikk, komposisjon
Kari Anne Vadstensvik Bjerkestrand – kunstnarleg rettleiing. 

Musikar og dansar, rygg mot rygg.

Spelemannslaget til fremjing av møsagrodde låttar

Laget gav ut plate i 2023. Formålet til laget er å løfte fram låttar som har vore ute av tradisjon dei siste 50 åra. Hardtslåande lagspel på hardingfele med låttar etter Knut Bergheim, Ola Okshovd, Knut Snortheim og andre meir eller mindre oversette tradisjonsutøvarar i Valdres. 

Andre prosjekt

Sivert Holmen har jobba og jobbar med Villniss, Frikar, Ådne Kolbjørnshus, Silje Onstad Hålien, Anne Heidi Kvam Hillestad med fleire i ulike framsyningar. Her kan du sjå utdrag frå forestillinga «Dei gamle er eldst» av Silje Onstad Hålien/Villniss. Musikk av og med Tuva Syvertsen og Sivert Holmen.

Sivert har også vore med i «Vindu», ei gruppe beståande av Åshild Wetterhus, Even Tråen og kunstarisk leiar Guillermo Rizzotto.

 

Diskografi

Føreferd

– Odde & Holmen. Utgitt på Melovitten i 2023.

Spelemannslaget til fremjing av møsagrodde låttar

– Musikar. Utgitt på plateselskapet Ta:lik i 2023.

Jotunheimen

– Sivert Holmen. Utgitt på plateselskapet Ta:lik i 2021.

Sumarmorgon

– Odde & Holmen, med Bjørn Kåre Odde og Sivert Holmen utgitt i 2016 på Grappa.

Vindu

Guillermo Rizzotto, Åshild Wetterhus, Even Tråen og Sivert Holmen med «Vindu» utgitt i 2014 på sjølvstendig forlag.

Lytt til musikken